Firdaligaen

Følges av 19 medlemmer.

Firdaligaen er det offisielle namnet på avdeling 16 i norsk 3. divisjon for herrefotball.

Serien fekk namnet Firdaligaen våren 2007 grunna sponsinga frå lokalavisa Firda. Ligaen har 12 lag, alle frå Sogn og Fjordane. Vinnaren av serien får spele kvalifisering om opprykk til 2. divisjon. Etter at serien vart omdøypt til Firdaligaen, har ingen av klubbane makta opprykk. Mer om sonen

Origo Firdaligaen er en sone på Origo. Les mer

Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Fjordaglimt (torsdag 11. juni 2009). Les mer om roperten…

Firda si vurdering av runde 9

 FJØRA-FLORØ tjuvstarta på torsdag kveld.

LAURDAG 13. JUNI:

 FØRDE–EID (H): Førde imponerte med sterk bortesiger mot Stryn, og verkar å nærme seg forma. Eid har overraska stort, og kan passere Førde med siger på Førde stadion. Men vi trur heimelaget ror dette inn.

 HØYANG–ÅRDAL (H): Årdal har sakte, men sikkert teke plassering i toppen, medan Høyang på si side svingar frå kamp til kamp. Men dette er eit oppgjer som tradisjonelt betyr mykje for Høyang. Dessutan er det Høyanger-dagar i helga!

 JØLSTER–VIK (H): Allereie no ser det ut til at dei to laga som kom frå 4. divisjon, vil slite i botnen i Firdaligaen. Så langt har begge hatt fleire heiderlege resultat, men med få poeng. Men denne gongen vert det Jølster-siger.

TORNADO MÅLØY–STRYN (U): Rundens toppkamp. TMFK slurva borte mot Kaupanger og fekk årets første tap. Difor har dei lyst til å vise at dei framleis er nest best i fylket (etter Sogndal). Stryn ergrar seg etter tapet mot Førde, og vil gjerne stadfesta at dei er best i Nordfjord.

MÅNDAG 15. JUNI:

SOGNDAL II–KAUPANGER (H): Lokaloppgjer i Sogndal som der Sogndal II er favoritt. Og som dei bør leve opp til.

Vurdert av: Stig Roger Eide, Firda

Vist 90 ganger. Følges av 1 person.
Annonse